Sartor & Drange har oppstått i 2021 ved fusjon av dei tradisjonsrike verksemdene Drange Maskin og Sartor Maskin. Dei fusjonerte selskapa har historie tilbake til 80-talet og er bygd stein på stein av aktive eigarar og dyktige tilsette.
Med sunn og solid vekst er vi blitt ein betydeleg aktør i bergensregionen med ca 180 egne tilsette, i tillegg til eit stort tal innleigde og underentreprenørar.
Vi er etablert med kontor, verksted og lager i Industriparken på Søre Straume.
Kjerneaktiviteten vår er grunnarbeid, og våre tilsette består i hovudsak av lokale fagarbeidarar leia av prosjekt- og anleggsleiarar med både solid teoretisk og praktisk kompetanse
Vi har gjennom åra utvikla verksemda mykje og har opparbeidd god kompetanse på gjennomføring av bygge- og anleggsoppdrag.
Vi kan derfor ta på oss eit breidt spekter av oppdrag frå ordinære bustadtomter til kompliserte hovud- og totalentreprisar.
Våre mål er å:
- Levere alle oppdrag med god kvalitet og ha nøgde kundar.
- Ha det kjekt på arbeid og tjene pengar
- Vere ein samfunnsbyggande aktør i lokalsamfunnet
Godkjenningar
- Selskapet har sentral godkjenning for ansvarsrett i klasse 3 på relevante fagområder
- Vi er og godkjent opplæringsverksemd har stort fokus på utvikling av fagfolk gjennom lærlingeordningen
- Vi er sertifisert etter ISO 9001 Kvalitetsstyring og ISO 14001 Miljøstyring
Samfunnsbygging
Vi har gjennom mange år bidratt etter beste evne til å støtte og utvikle idrett, lag og organisasjonar og er ein aktiv partner for mange i bergensregionen.
Åpenhetsloven
Åpenhetsloven skal fremme virksomheters respekt for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold i forbindelse med produksjon av varer og levering av tjenester.