
Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor og verkstad i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
For å styrke vår interne tenesteproduksjon søker vi:
Sveisar
Hovudoppgåver vil normalt vere:
- Sveising på skuffer og anna anleggsutstyr
- Sveising av rørspunt og pelar på prosjekt
- Rørsveising på prosjekt
- Arbeid med både førebyggande vedlikehald og reparasjonar.
Vår forventning er at du:
- Har relevant fagutdanning
- Har solid erfaring frå fagområdet
- Har god teikningsforståing
- Kommuniserer flytande skriftleg og munnleg på norsk
- Evnar å arbeide strukturert og løysingsorientert
Vi kan tilby:
- Interessante faglege utfordringar på ulikt utstyr.
- Eit godt fagmiljø med moderne verkstadfasilitetar.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller verksmester Asmundur Jespersen på 98 24 67 04 . Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande