
Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
For å styrke vår avdeling for stikning og landmåling søker vi:
Stikningsingeniør
Stillinga inngår i avdeling som pt utgjer 5 tilsette. Hovudoppgåver vil normalt vere:
- Grunnlagsmåling og berekning
- Anleggsstikning for grunn- og betong
- Masseberekning, kontraktsavrekning og målebrev
- Kvalitetskontroll og dokumentasjon as-built/ FDV
- Deltaking i utføringsfasen som fagleg støtte for prosjekta.
Vår forventning er at du:
- Har relevant fagutdanning og erfaring frå fagområdet
- Kjennskap til NS-3420 og SVV prosesskodar
- Beherskar og har interesse for relevante IT verktøy
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Er strukturert og løysingsorientert
Vi kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver der du får vere involvert frå forarbeid, produksjon og til etter ferdigstilling.
- Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
- Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller stikningsleiar Kay Lokøy 94 00 18 44. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande