
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 200 tilsette og årleg omsetning er ca 750 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor og verkstad i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
Vi søker:
Sakshandsamar byggesak og arbeidsvarsling
Oppgåver er prosjektavhengig, men vil i hovudsak vere:
- Handtere byggesak frå A-Å i alle saker der vi er ansvarleg søkar eller har rollar i byggesak
- Utarbeiding og vedlikehald av arbeidsvarslingsplanar
- Deltaking som administrativ prosjektstøtte for prosjektleiing.
Vår forventning er at du:
- Har solid relevant arbeidserfaring frå byggesakshandsaming.
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeidsvarsling, men her kan vi tilby opplæring for kandidatar utan erfaring.
- Relevant høgare utdanning. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Har god brukarkunnskap innan IT
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må beherske norsk flytande både munnleg og skriftleg.
- Er strukturert og løysingsorientert.
Vi kan tilby:
- Arbeidsoppgåver der du får delta inn mot ei rekke varierte prosjekt.
- Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande