Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 220 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 4000 tilsette og ca 25 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune eller på anleggskontor i Bergensregionen.
Vi søker:
Prosjektingeniør totalentrepriseavdeling
Vår totalentrepriseavdeling styrer prosjekt både i privat og offentleg sektor i form av leilegheitsbygg, næringsbygg og offentlege bygg.
Oppgåver er prosjektavhengig, men vil normalt vere:
- Delta saman med prosjektleiing i prosjektadministrasjon og styring
- Etablering av planar og oppfølging av HMS, KS og ytre miljø i prosjekta
- Kundeendringar og oppfølging av kundar og leverandørar både under og etter prosjekt.
- Dokumentasjonsarbeid og oppfølging av framdrift og økonomi
- Vere deltakande i kalkulasjon og andre driftsrelaterte oppgåver.
Vår forventning er at du:
- Har utdanning som ingeniør eller teknisk fagskule. Solid bransjeerfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Har god brukarkunnskap innan IT
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må beherske norsk flytande.
- Er strukturert og løysingsorientert.
- Kan skape gode relasjonar med både kundar, tilsette og leverandørar.
Vi kan tilby:
- Utviklande arbeidsoppgåver
- Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
- Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til personalansvarleg Håvard Jonassen på telefon 97 03 26 20 prosjektleiar Johnny Barsnes på telefon 90 95 42 52. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande