
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 210 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 20 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor, lager og verkstad på Straume i Øygarden kommune.
Vi søker:
Maskinførar boretårnsmaskin / bergsprengar
Vi har behov for å bemanne vår 2024 modell Volvo 300 med Montabert CPA 30-150 boretårn.
Hovudoppgåver vil normalt vere på varierte grunnarbeidsprosjekt i regionen.
Vi har høge forventningar til den rette kandidaten, mellom anna at du:
- Har relevant fagbrevutdanning og solid erfaring. Lang erfaring kan kompensere for utdanning.
- Evnar utnytte utstyrets kapasitet til å sikre god produksjon.
- Bergsprengingssertifikat og ADR er ein fordel, men ikkje krav
- Har stor fagleg interesse og innsikt
- Held orden, tar godt vare på utstyr og kan dokumentere eige arbeid
- Beherskar norsk flytande både munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
- Interessante faglege utfordringar med godt og moderne utstyr.
- Eit godt fagmiljø med moderne verkstadfasilitetar.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til driftsleiar Bjørn Ove Hetlevik på 97 03 26 29 eller bergsprengingsleiar Sindre Leigland 93 66 43 18. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande