
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 210 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 20 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor, lager og verkstad på Straume i Øygarden kommune.
Til vår asfalt asfaltfrese avdeling , søker vi
Maskinførar Asfaltfres
Ved oppstart er ein tiltenkt rolle som maskinførar på Wirtgen W60RI , Cat 313, Cat 262D kompaktlaster og sjåfør på krokbil både med og utan hengar ved behov. Vi har derimot ein variert maskin og bilpark og det må påreknast å køyre andre typar utstyr etter behov i drifta.
Stor del av vår freseaktivitet er for selskapets egne anlegg, men og for eksterne kundar. Som tilsett i ein anleggsentreprenør må ein og pårekne å vere med i eit driftsopplegg og gjere dei oppgåver som skal til for at drifta skal gå.
Vår forventning er at du:
- Har erfaring frå køyring som nemndt over.
- Førarkort klasse CE og YSK, og maskinførarbevis.
- G8 er positivt, men ikkje absolutt krav.
- Trivst med ein kvardag der ein må snu seg fort rundt og delta aktivt i anleggsarbeidet.
- Er innstilt på å steppe inn på andre køyretøy eller gjere andre arbeidsoppgåver ved behov
- Beherskar norsk flytande både munnleg og skriftleg
- Er nøyaktig og presis med dokumentasjon på utføring av arbeid
Vi kan tilby:
- Ein variert kvardag med gode kollegaer
- Eit godt fagmiljø med moderne utstyrspark
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til driftsleiar Bjørn Ove Hetlevik 970 32 629 eller formann på freseavdeling Helge Blom 482 600 70. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande