Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 750 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
For å styrke vårt arbeid med å skaffe oppdrag søkjer vi:
Kalkulatør
Hovudoppgåver vil normalt vere:
- Kalkulasjon av anleggsentreprisar
- Bistå prosjekt- og anleggsleiar med oppfølging og innkjøp i prosjekt ved behov
Vår forventning er at du:
- Erfaring innan anleggsbransjen og fagkunnskap til å vurdere timeverk og kalkulasjonsfaktorar
- Gode brukarkunnskap innan IT
- God teikningsforståing og helst erfaring med modellbaserte oppdrag
- God kontrakts- og økonomiforståing, samt kremmarånd.
- Erfaring med NS3420 og/eller SVV prosesskodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Er strukturert og løysingsorientert
Vi kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
- Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller prosjektsjef Rune Grimstad på 97 73 30 55. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande