Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor og verkstad i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune.
Vår fjellsikringsavdeling har god arbeidstilgang framover og vi søker derfor:
Fjellsikrar med erfaring
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Boltesikring og fjellrensk frå tau og/eller lift
- Montering av fanggjerder og steinsprangnett
- Sprøytebetong og anna spesialarbeid
Vi treng deg som trivst med fysisk krevjande arbeid og høg produksjon, men samtidig sikrar at trygg utføring av arbeidet alltid kjem først. Vi er normalt ikkje veldig lenge på kvar plass og du må tykkje det er kjekt å flytte rundt på stadig nye oppdrag. Hovudtyngda av vårt arbeid er p.t. i bergensregionen, men noko reising må påreknast i periodar.
- Interessante faglege utfordringar på ulikt utstyr.
- Eit godt fagmiljø med moderne verkstadfasilitetar.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.