Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 225 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 25 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Vi har kontor, lager og verkstad på Straume i Øygarden kommune.
Fjellsikrar med erfaring og hjelpearbeidar/nyutdanna fagarbeidar
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Boltesikring og fjellrensk frå tau og/eller lift
- Boltesikring og fjellrensk frå tau og/eller lift
- Sprøytebetong og anna spesialarbeid
- Utarbeide rapportar og dokumentera arbeidet
- Fagbrev i fjell- og bergverksfaget og minimum 2 års erfaring innan fjellsikring. Lang erfaring kan kompensere for fagbrev. Gjeld ikkje hjelpearbeidar/nyutdanna fagarbeidar stillinga.
- Har høgt fokus på HMT – Helse, Miljø og Tryggleik – i alle delar av arbeidet.
- Har kurs i arbeid i høgda og fjellsikring
- God fysikk og vilje til å arbeide utandørs i all slags vær
- Har førarkort klasse B (BE er eit pluss)
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
- Interessante faglege utfordringar på ulikt utstyr.
- Eit godt fagmiljø med moderne utstyr og verkstadfasilitetar.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar og arbeidsbil
- Ein trygg og stabil arbeidsplass i ein solid og veldrive bedrift som verdset sine tilsette høgt, og som har fokus på trivsel og fleksibilitet i den daglege arbeidskvardagen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Andres Vasquez på telefon 98 21 31 32 eller personalansvarleg Håvard Jonassen på 97 03 26 20 . Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande