
Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 750 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
For å delta i styre oppdrag søkjer vi:
Anleggsleiar med erfaring
Hovudoppgåver vil normalt vere:
- Anleggsleiing av prosjekt innan anleggssektoren. På større prosjekt vil anleggsleiar arbeide i prosjektgruppe leia av prosjektleiar. På mindre prosjekt vil anleggsleiar ha hovudansvar frå kontrakt til sluttdokumentasjon og etterarbeid
- Ansvar for at prosjektet blir gjennomført som det skal på kvalitet, framdrift, HMS, miljø og økonomi
- Vere deltakande i kalkulasjon og andre driftsrelaterte oppgåver.
Vår forventning er at du:
- Har bakgrunn som ingeniør eller teknisk fagskule. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Har erfaring med styring av oppdrag
- Brukarkunnskap innan IT
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig.
- Kan skape gode relasjonar med både kundar, tilsette og leverandørar.
Vi kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
- Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
- Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller prosjektsjef Rune Grimstad på 97 73 30 55. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande